Relevante nynorskgloser 

til kvar litterær periode og språkhistorie

Dei siste åra har eg brukt nynorsk som undervisningsspråk og bruksspråk i kommunikasjonen med elevane. Elevane har øvd på å ta gode notat, sende meldingar og skrive eigavurderingar på nynorsk.  Dei har i tillegg lært tematiske gloser og fagomgrep i forkant av skrivedagar, noko som har ført til at dei har brukt mindre tid på å slå opp relevante ord. 

I følgjande google docs finn de relevante nynorskgloser til kvar litterær periode og til språkhistorie. Eg oppdaterer dokumentet fortlaupande med nye eksempel. Har du tips om andre gloser som bør vere med her, ta kontakt. 

Eg minner også om følgjande gloseliste med relevante fagomgrep (tekstanalyse) og følgjande padlet med mange nyttige tips om relevante øvingar, tekstar, e-førelesingar, eksempelsvar med fleire. 

'Amanda Gorman - krafta i diktinga, krafta i språket'

På nettsida til Nynorsksenteret har eg nettopp oppdaga eit flott opplegg om Amanda Gorman - krafta i diktinga, krafta i språket. Eg gler meg til å prøve desse oppgåvene med elevane mine (når den tida kjem). 

Sjekk ut oppgåvene du òg!

Kjærleik og vennskap på nynorsk - februar 2021

I dette google docset føreslår eg nokre oppgåver som elevane dykkar kan jobbe med i forkant av Valentinsdagen (eller når som helst i løpet av skuleåret). Ved å jobbe med liknande oppgåver, ufarleggjer ein nynorsk som bruksspråk i klasserommet. 

Lukke til! 

FØREBUING TIL SKRIVEDAGAR I NYNORSK

Treng du litt inspirasjon når det gjeld førebuing til skrivedagar i nynorsk? Då har du kome til riktig stad.

På dette padletet har eg lagt ut mange gode tips om: 
  • nyttige e- førelesingar og forklaringar
  • nynorskøvingar
  • nyttige gloser
  • feil elevane bør unngå
  • aviser og bloggar på nynorsk
  • nynorsk-kviss, 
  • hjelpesetningar
  • gode eksamenssvar.

Gode tips til nynorskundervisning

  nettsida til Nynorsksenteret finn du 5 gode tips til nynorskundervisning. 

1. Les mykje og bruk nynorske tekstar

2. Skriv ofte og kort

3. Snakk om språk

4. Varier skrivemetodikken

5. Lær elevane å gje tilbakemelding til kvarandre. 


Eg vil leggje til følgjande: 

6. Gjennomgå sentrale relevante fagomgrep og tematiske gloser før kvar skrivedag. Lag nyttige ordlister saman med elevane i forkant av skrivedagen. Her kan du sjå eit eksempel på ei slik ordliste. 




Alle rettigheter forbeholdt 2021
Drevet av Webnode
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang